23.10 10:00 - 15:30 Revsnes hotell, Setesdalsveien 2031, 4741 Byglandsfjord

Fylkeskommunane på Agder vil i samarbeid med Distriktssenteret gjennomføra ei dagssamling på Revsnes hotell, der målet er å at kommunane og andre samfunnsaktørar på Agder får kunnskapspåfyll og kan koma med innspel rundt temaet verdiskaping og næringsutvikling på Agder mot 2030.

Vi har inngått eit samarbeidet med Distriktssenteret som er eit kompetanseorgan under Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) – sjå  www.distriktssenteret.no. I tillegg har vi fått med oss ordførar i Øystre Slidre Kjell Berge Melbybråten som har brei erfaring over mange år med verdiskapingsarbeidet i sin eigen kommune og Valdres-regionen. Dei vil løfte fram problemstillingar med innleiingsforedrag, som vi tek med oss vidare inn i ein cafedialog saman med deltakarane, før vi avsluttar dagen med ein plenumsdiskusjon.

 

Målgrupper for seminaret er kommunar (politikarar og administrasjon), regionråd, statlege aktørar og andre samfunnsaktørar som jobbar med økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping.

Tid: Tysdag, 23. oktober, kl. 10 til 15.30 

Sted: Revsnes hotell, Setesdalsveien 2031, 4741 Byglandsfjord

 

Meld deg på her: Påmelding

 

Foreløpig program (med forbehold om endringer)

 

Innleiingsforedraga

Regionplan Agder 2030 – verdiskaping gjennom regionalt samarbeid.

v/ Manuel Birnbrich, prosjektleder Regionplan Agder 2030

 

Kva har skjedd med utviklingsarbeidet i små og mellomstore kommunar dei siste ti åra?

 v/ Steinar Fredheim, avdelingsleiar i Distriktssenteret

 

Verdiskaping i ditt lokalsamfunn - korleis lukkast i lag gjennom samspel mellom dei ulike verdiskapingsformene?

v/ Roar Werner Vangsnes, rådgjevar i Distriktssenteret

 

Næringsutvikling og suksessrike distriktskommunar -anno 2012 og 2018 - kva kjenneteiknar kommunar som lukkast best?

v/ Torbjørn Wekre, rådgjevar i Distriktssenteret

 

Attraktiv bustadutvikling og stadutvikling – når nesten alle byar er for små – kva blir det av småbyen då?

v/ Trude Risnes, rådgjevar i Distriktssenteret

 

Korleis samarbeide for å styrke verdiskapinga? – eksempel frå valdresregionen.

v/ ordførar i Øystre Slidre Kjell Melbybråten  

 

Cafedialog / diskusjon rundt borda

Diskusjon og innlegg i plenum

Oppsummering og avslutning

 

Meld deg på her: Påmelding

 

Arrangoerer Innspillseminar Med Distriktssenteret

av Birnbrich, Manuel, publisert 29. august 2018 | Skriv ut siden